Prosjekter: Maritim
Norwind Breeze er bygd om frå offshore- til havvindfartøy med finansiering frå Eksfin
– I mangel av norske havvindparkar må norsk maritim næring konsentrere seg om eksportmarknaden. Når Eksfin samarbeider med private eigarar og bankar, får vi løfta fleire og større eksportsatsingar, seier Tone Lunde Bakker, adm. dir. i Eksfin. Tone Lunde Bakker, adm. dir. i Eksfin

Fakta
Skip: Norwind Breeze
Reiarlag: Norwind Offshore
Lån frå Eksfin: 18 millionar euro
Garanti: Sparebanken Vest og Eksfin stiller garanti, der Eksfin garanterer for 13 millionar euro
Ålesund-reiarlaget Norwind Offshore blei etablert i 2021. Norwind Offshore er eit nytt reiarlag, men har mykje erfaring gjennom eigarar og organisasjon. Selskapet håpar at satsinga på fornybar energi og vindturbinar til havs kan bli det nye eventyret i nordvest.
Allereie ute på oppdrag
Havvindfartøyet Norwind Breeze blei overlevert frå Vard i slutten av mai. Skipet er spesielt utvikla for service- og vedlikehaldsoperasjonar på vindparkar til havs, og gjekk direkte frå levering på oppdrag for Ørsted på Hornsea 2-feltet på britisk sokkel.
Eigaren er det nye Ålesund-reiarlaget Norwind Offshore, som blei etablert i 2021. Selskapet får òg eit nytt havvindskip, Norwind Gale, som etter planen skal leverast frå Vard Group Noreg i mai 2023. Eksfin bidreg til finansieringa av begge fartøya. Dei to skipa er ein del av eit byggjeprogram på totalt fem fartøy spesielt utvikla for globale service- og vedlikehaldsoperasjonar for havvindparkar.
Finansiering frå Eksfin
I samarbeid med Sparebanken Vest har Eksfin finansiert Norwind Breeze, med lån frå Eksfin på totalt 18 millionar euro. Eksfin sin del av risiko for lånet utgjer rundt 13 millionar euro, og det resterande beløpet er garantert av Sparebanken Vest.
Det er gledeleg å få finansiering frå Eksfin og dei lokale bankane våre når vi no er i gang med å byggje opp eit nytt offshore-reiarlag i Ålesund. Det er motiverande for oss å kunne finne løysingar saman med Vard som byggjer på sirkulærøkonomi i praksis. Samspelet mellom reiarlag, verft, utstyrsleverandørar, Eksfin og bankane gjer oss i stand til å utvikle dei mest miljøvennlege og framtidsretta fartøya for offshore havvind i bransjen. Med desse fartøya vil Norwind Offshore kunne bidra til å løyse utfordringa som ligg framfor oss med å få gjennomført det grøne skiftet.
Svein Leon Aure, CEO i Norwind Offshore

Marte Tennebø Rødset, ass. banksjef i Sparebanken Vest
Vi i Sparebanken Vest er stolte av å bli valde som finansiell samarbeidspartnar for Norwind Offshore. Vi kjenner eigarane og leiinga som typiske vestlandsbyggjarar som deler visjonen vår, der det er ei tydeleg målsetjing om å byggje eit selskap som bidreg til og gir positive og berekraftige ringverknader for lokalsamfunnet. Eit tett og godt samarbeid med Eksfin har gjort dette mogleg.
Norsk leverandørindustri og teknologi dannar grunnlaget for Eksfin sitt bidrag til finansiering av havvindfartøy, både dersom det blir bygd ved norske verft og verft utanfor Noreg. Det er hyggjeleg å erfare at fleire norske reiarlag har etablert seg som pålitelege aktørar i den sterkt konkurranseprega internasjonale havvindindustrien. Dette er mogleg på grunn av den sterke kompetansen i norsk maritim industri.
Jan Borø, senior kundeansvarlig i Eksfin
Vektlegg sirkulærøkonomi og det grøne skiftet
Norwind Breeze var opphavleg eit offshore-servicefartøy for oljeindustrien og blei levert frå Vard Vietnam i 2015. No er det bygd om for å bli nytta i havvindmarknaden, og under skipsdåpen blei det sagt at skipet symboliserer ein overgang frå olje til havvind. Skipet har fått batteripakke, noko som bidreg til å redusere utslepp.
– Eksfin er oppteken av å fremje ein meir klimavennleg norsk flåte, anten vi finansierer nye fartøy for havvindparkar, meir utsleppsvennlege skip eller ombygging av eksisterande offshoreskip til havvindfartøy, seier Tone Lunde Bakker, adm. dir. i Eksfin.


Seniorrådgiver kommunikasjon og markedsføring