Prosjekter: Maritim

Eksfin stiller byggjelångaranti når Brødrene Aa byggjer katamaran for Rødne Trafikk

Då Brødrene Aa fekk kontrakt for konstruksjon av ein passasjerkatamaran for Rødne Trafikk AS stilte Eksfin Byggjelån for verftet. Passasjerkatamaranen skal frakta reisande på sightseeing på strekninga Bergen – Mostraumen.

Rødne Trafikk AS’s passasjerkatamaran som bygges av Brødrene Aa

Kunde: Brødrene Aa

Behov: Styrke likviditeten til verksemda

Produkt hos Eksfin: Byggjelångaranti

Finansieringen mogleggjer: Konstruksjon av passasjerkatamaran for Rødne Trafikk

Eksfin gir byggjelångaranti med 50% dekning for reiaren sine innbetalte forskot til Sparebanken Sogn og Fjordane på 92 millioner NOK. Eksfin sitt kredittansvar er 46 millioner NOK.

Konkurransedyktig finansiering av kostnader i byggjeperioden

Ein byggjelångaranti sikrar bankane tilbakebetaling av lån som blir utskrive til norske verft i samband med finansieringa til verftet av nye skip. Garantien kan også gjelda for ombyggingar og for lån til norske produsentar av havinstallasjonar som til dømes vindmøllefundament. Garantien hjelper verftet eller produsenten å sikra konkurransedyktig finansiering av kostnader i byggjeperioden.

Brødrene Aa var først ute med både hybrid- og fullelektriske passasjerbåtar

Brødrene Aa er eit familieeigd båtbyggjeri lokaliserte i Gloppen kommune, med ei avdeling i nærliggjande Eikefjord. Brødrene Aa byggjer hurtiggåande fartøy i komposittmateriale i storleiken 20-48 meter, for opptil 400 passasjerar. For fartøy i dette materialet er dei leiande også internasjonalt.  Brødrene Aa var først ute med både hybrid- og fullelektriske passasjerbåtar.

Risikoavlasting til bankar

Gjennom garantiordninga for byggjelån til skip, fartøy og innretningar til havs gir Eksfin risikoavlasting til bankar, og bidreg til at norsk verft, offshoreverksstadar og liknande får betra tilgang på byggjelån. Ein byggjelångaranti sikrar bankane tilbakebetaling av byggjelån til verftet.

Les mer om: