Prosjekter: Fiskeri og havbruk

Sterling White Halibut (Sterling) forsterkar sin posisjon innan kveiteoppdrett med finansiering frå DNB og Eksfin

Sterling i Rogaland er blant pionerane som driv oppdrett av kveite i Noreg. Det er stigande etterspurnad etter kveite på den globale marknaden og selskapet planlegg solid produksjonsvekst. Om lag 50 % av omsetninga til selskapet er eksport.

Sterling i Rogaland er blant pionerane som driv oppdrett av kveite i Noreg.

Kunde: Sterling White Halibut (Sterling)

Behov: Styrke likviditeten til bedrifta og finansiera investeringar i Noreg

Produkt hos Eksfin: Investeringsfinansiering og Arbeidskapitalgaranti

Finansieringa mogleggjer: Investeringar for å utvida produksjonsvolum og produksjonsanlegg på land og i sjø.

DNB gir lån på 110 millionar kroner og stiller kassekreditt (arbeidskapital) på 120 millionar kroner. Eksfin tek 50 % av risikoavlastinga på begge fasilitetane, med totalt ansvar på 115 millionar kroner.

Oppgraderar med finansiering fra DNB og Eksfin

Sterling, med base på Hjelmeland i Ryfylke har produsert kveite sidan 2001 og ser at etterspurnaden held fram med å stiga. Selskapet skal utvida anlegga på land og i sjø for å møta etterspurnaden. Ved å oppgradera anlegga på Talgje og Helleland vil selskapet auka produksjonen av yngel, setjefisk og matfisk. Oppgraderingane skjer med investeringsfinansiering og arbeidskapitalfinansiering frå DNB og Eksfin.

Sterling® er eit kjent varemerke i over 30 land, og har vorte ein favoritt på matbord over heile verda. Kveite har høg respekt som råvare, og er i ferd med å bli ein viktig nasjonal eksportartikkel for Noreg. Med bistand frå DNB og Eksfin kan Sterling halda fram med å utvikla og auka produksjonen sin av kvalitetskveite framover, som gir oss moglegheit for å møta auka etterspurnad frå kundane våre etter Sterling kveite, uttaler Kjell Stenersen, styreformann i Sterling.

Kveite er ein relativt ny art i industriell samanheng, og Sterling er ein viktig bidragsytar til innovasjon og kommersialisering.

Havbruksnæringa er ein stor og viktig industri for Noreg, og ikkje minst er den veldig eksportretta. Eksfin kan finansiera norske selskap som eksporterer, men også selskap som er underleverandørar, m.a. innan fiskeri og havbruk, seier Astrid Etienne, kunderådgivar i Eksfin.

Havet har vore ein svært viktig del av norsk næringsverksemd i generasjonar, og DNB har lange tradisjonar som leiande sjømatbank. Det er viktig å støtta opp om innovative selskap som driv utviklinga i havbruksnæringa framover, og me er stolte av å bidra til at oppdrett av fleire artar blir mogleg. Me vil også i tida framover finansiera og gi råd til selskap som er framtidsorienterte og som omfamnar ein berekraftig forretningspraksis, seier Anne Hvistendahl, leiar for sjømat i DNB.

Etterspurnaden må dekkjast av oppdret

Tilgangen på villfiska kveite er avgrensa av kvotar og fiskebestand, så auken i etterspurnaden må dekkjast av oppdrett. Etterspurnaden etter kveite kjem i dag frå Nord-Amerika, Asia og Europa. USA er den mest modne marknaden med konsumentar som er villige til å betala for høgkvalitetsproduktet.