Cases: Fiskeri og havbruk

Seagems Norway AS løfta smaken i fem milliardar måltid i 2024

Globale matvareprodusentar bruker Seagems produkt til å forbetra smaken av buljongar, nudlar, snacks og ris. På Ellingsøy blir restråstoff frå hummar, torsk og østers til saus, oljar og paste. Med arbeidskapital blir produksjonen auka.

Seagems utvikler spennendt smaker fra fiskeindustriens råstoff
Seagems utvikler spennendt smaker fra fiskeindustriens råstoff. Bilde: Seagems

Kunde: Seagems Norway AS

Behov: Styrke likviditeten til bedrifta

Produkt hos Eksfin: Arbeidskapitalgaranti

Finansieringa mogleggjer: Likviditet til utvikling av produkta og investering i anleggsmaskinar

Eksfin garanterer 50% av Sparebanken Møres kassekreditt til Seagems Norway AS.

Restråstoff blir viktig ingrediens

Seagems Norway AS frå Ellingsøy ved Ålesund lagar smakstilsetningar som blir etterspurde over heile verda. Selskapet er spesialistar på å bruka restråstoff som ein ressurs til å laga nye smakar. Seagems Norway AS samarbeider med fiskarar og oppdrettarar for å få restråstoff som dei laga smakstilsetningar av og som vart selde til 37 land i 2024.

Blant kjøparane finn du nokre av dei største produsentane av matvarer i verda.

Meir utvikling og større sal med finansiering

–Salet vårt er globalt, og me driv kontinuerleg produktutvikling for å treffa ulike smakspreferansar rundt omkring i verda. Me forventar ytterlegare vekst i salet i 2025. Me har med finansiering frå Innovasjon Noreg, Sparebanken Møre og Eksfin  investert i større kapasitet til både utvikling og produksjon, seier Karl Inge Slotsvik, dagleg leiar i Seagems Norway AS.

Innovasjon Noreg og Sparebanken Møre har tidlegare finansiert Seagems Norway AS sine investeringar i nye anleggsmidlar.

–Eksfin kan tilby risikoavlasting for dei fleste garantiar bankar er villig til å stilla for kundane sine når norske selskap skal ut i verda. Du treng ikkje eksportera sjølv så lenge bedrifta leverer I ei verdikjede som fører til eksport, seier Kaare Haahjem, senior kundeansvarleg ved Eksfins kontor I Ålesund.

Seagems hovedkontor på Ellingsøy. Bilde: Seagems
Seagems hovedkontor på Ellingsøy. Bilde: Seagems