Prosjekter: Fiskeri og havbruk

Knuro AS leverer maskiner til fiskeslakteri i Chile med garanti Eksfin

Knuro AS frå Bergen har i 20 år levert løysingar som effektiviserer fiskeslakteri. No reiser løysingane deira til Sør-Amerika med finansiering frå Sparebank Vest og Eksfin.

Entusiastane i Knuro AS

Kunde: Knuro AS

Behov: Stille garanti for kontraktar

Produkt hos Eksfin: Kontraktsgaranti

Finansieringa mogleggjer: Garantiane mogleggjer Knuros kontrakt med chilenske Aqua Chile S.A.

Eksfin gir ein kontraktsgaranti overfor Sparebank Vest sin forskotgaranti.

Frå Bergen til verda

Knuro AS har levert over 200 maskiner til kundar i inn- og utland og har etablert seg som ei suksessrik eksportbedrift. No står dei framfor ein ny milepæl med leveransen av avanserte fiskereinsemaskiner til Aqua Chile S.A. i Sør-Amerika.

Knuro er ei gründerbedrift som blir leidd av entusiastane Knut Inge Seim, Ronny Solberg og Oddvar Rauneholm. Selskapet produserer sjølvutvikla produkt innan styring og overvaking av akvakultur, inkludert fisketeljarar, reingjeringsløysingar og tilhøyrande programvare.

Garantiar frå Eksfin gir tryggleik for alle partar

Knuro AS har levert maskiner og overvakingssystem til norsk oppdrett i mange år, og ser stor interesse for produkta våre internasjonalt. Med den auka effektiviseringa som følgjer produkta våre ser me ofte at kundane våre tener inn investeringa i løpet av eit år! uttalar Oddvar Raunholm, salsleiar i Knuro AS.

Knuro AS er ein av mange eksportsuksessar som Eksfin har hjelpt blant utstyrsleverandørane på Vestlandet. Eksfin kan tilby risikoavlasting for dei fleste garantiar bankar er villig til å stille når norske selskap skal ut i verda. På den måten kan både Eksfin og bankane hjelpa fleire norske selskap som eksporterer, seier Laila Johnsen, senior kundeansvarleg, Eksfin.

Eksport til alle verdshjørne

Knuro har tidlegare eksportert utstyr til oppdrettarar i Tasmania (Australia), Island, Færøyane, Kanada, Skottland, Irland og Chile.

Sparebanken Vest er klare for å hjelpa bedriftskundane våre når dei skal ut på nye eventyr og til dømes treng valutatenester eller bankgarantiar, uttaler Marion Remøy, Sparebanken Vest.

Les mer om: