Cases: Fiskeri og havbruk

Alotta utviklar flytande solkraftløysingar for oppdrettsnæringa

Det Ålesund-baserte selskapet Alotta utviklar og leverer innovative, grøne energiløysingar for marknader der tilgangen på fornybar kraft er avgrensa. Alotta Solar Hybrid er eit flytande solkraftverk som gjer det mogleg å redusere avhengigheita av diesel og kutte utslepp i industrien. Den første marknaden dei siktar seg inn mot er havbruksnæringa, både i Noreg og internasjonalt.

Alottas flytande solpanel gir straum til industri utanfor straumnettet. Foto: Alotta

Kunde: Alotta AS (tidlegare Inseanergy as)

Behov: Styrke likviditeten til bedrifta

Produkt hos Eksfin: Arbeidskapitalgaranti

Finansieringen mogleggjer: Likviditet til utvikling av energisystem og strukturering av selskapet for internasjonal vekst

Eksfin har garantert DNB for arbeidskapital

Utvikla på Sunnmøre – på veg til Chile og Tyrkia med AKVA Group

For mange oppdrettsanlegg langs norskekysten er distansen til straumnettet lang – for nokre er den for lang. Dei fleste norske anlegg ønskjer å knytte seg til landstraum, men i mange tilfelle vil ikkje den lokale infrastrukturen mogleggjere det. Difor nyttar om lag 40 % av anlegga dieselaggregat for å drifte fôrings- og overvakingssystema.

I Chile er situasjonen endå meir utfordrande. I dag er ingen oppdrettsanlegg tilkopla landstraum og alle er avhengige av diesel. Dette gir store utslepp og høge driftskostnader. Alotta sitt flytande solkraftanlegg levere rein energi utan behov for omfattande infrastrukturendringar.

– Med støtta frå DNB og Eksfin kan vi satse vidare, styrke leveranseevna vår og få enda fleire oppdrettsanlegg over på fornybar energi, seier Kari-Elin Hildre, dagleg leiar i Alotta.

Nyleg signerte Alotta kontrakt med Emilsen Fisk, som vil få verdas nordlegaste flytande solkraftverk. Gjennom eit samarbeid med AKVA Group jobbar selskapet no med å etablere seg i internasjonale marknader

Den første installasjonen av Alotta si løysing vart gjennomført hos lakseprodusenten Hofseth Aqua AS

Du treng ikkje eksportera sjølv for å få finansiering frå Eksfin

Fiskeri og havbruk er ein bransje som eksporterer svært mykje av fisken som blir fanga og blir produsert og er difor kvalifiserte til fleire av Eksfin sine løysingar.

–Eksfin finansierer mange selskap som ikkje sjølv eksporterer, men som leverer tenester,  varer og utstyr til denne næringa, seier Kaare Haahjem, senior kundeansvarleg ved Eksfins kontor i Ålesund.

Verkemiddelapparatet har tilbod for alle fasane til bedrifta

Innovasjon Noreg har tidlegare støtta Alotta med tilskot og risikolån. Enova har støtta pilot- og demoprosjekt med tilskot til teknologifremming og energieffektivisering

Alltid i samarbeid med bankar med industriekspertise

–Dette er nok et godt eksempel på at samarbeidet med virkemiddelapparatet gjør at vi kan strekke oss litt lenger. Vi er glade for at vi sammen kan bidra i den videre skaleringen av selskapets energisystem, uttaler Kristian Øye, Kundeansvarlig i DNB.

Les mer om: