Prosjekter: Annen industri

Light Group lyser opp kontor og heimar i heile Europa

The Light Group eksporterer belysning til ti land. Arbeidskapitalfinansiering frå Sparebanken Sør og Eksfin mogleggjer veksten.

Showroom med belysning fra Light Group
The Light Groups fokus vore utvikling, produksjon og marknadsføring av eigne merkevarer for den europeiske marknaden.

Kunde: The Light Group

Behov: Styrke likviditeten til bedrifta

Produkt hos Eksfin: Arbeidskapital

Finansieringa mogleggjer: Garantien frigjer kapasitet og reduserer risikoen til banken. Light Group får tilført ekstra likviditet, og styrkjer gjennom det konkurransekrafta si i ein krevjande internasjonal marknad.

Eksfin dekkjer 50% av risikoen på Light Groups kassekreditt hos Sparebanken Sør.

Eksportsuksess frå Kristiansand

The Light Group, meir kjent i Noreg som Lyskomponenter, har klart å skapa ein eksportsuksess ut av kompetansen sin på belysning. Med base i Kristiansand, show room i Drammen og distribusjonssenter i Tyskland eksporterer The Light Group til alle endar av Europa.

Daglig leder i Light Group, Yngvar Rønning

–Light Group lovar å kunna levera produkta våre innan 48 timar til heile Europa. For å gjera dette mogleg er det nødvendig for oss å ha eit visst varelager. Å auka produksjon og varelager blir enklare når konkurransedyktig finansiering er tilgjengeleg, seier Yngvar Rønning, dagleg leiar i The Light Group

Selskapet har over 30 års erfaring i bransjen og kombinerer skandinavisk design med innovativ belysningsteknologi. Dei tilbyr eit breitt spekter av produkt, inkludert LED-strips, downlights, og spesialtilpassa løysingar for prosjekt som hotell, butikkar og andre bygg.

Eksportsatsing krev finansiering

Selskap som veks i eksportmarknaden må ha god tilgang på arbeidskapital frå banken sin. The Light Group har Sparebanken Sør som banksamband og får kassakreditt der. Ettersom The Light Group er ei eksportbedrift, har banken høve til å få statleg garanti frå Eksportfinansiering Norge for 50% av arbeidskapitalen som bedrifta får. Banken legg til rette dette på vegner av kunden sin, slik at den statlege garantien er enkel og brukarvennleg for både bedrift og bank.

Preben Aakermann

–Uavhengig av bransje kan Eksfin gi lån og garantiar til eksportselskap og underleverandørane deira. Design og ferdigvare er blant eksportsatsingane til regjeringa, så det er gledeleg å sjå norsk-designa løysingar bli populært på kontinentet, seier Preben Aakermann, Eksfin.

–Det er svært gøy å sjå at ei kompetansebedrift frå Kristiansand, som me har kjent lenge, gjer det godt internasjonalt. Sparebanken Sør har løfteevne, særleg i samarbeid med Eksfin, når dei lokale kundane våre er klare for internasjonal ekspansjon, Solgunn Rott, Banksjef Sparebanken Sør.