Arrangement: Seminar

Møt Eksfin på Erfaringskonferansen i Bergen

Vi er med på NMEs årlege Erfaringskonferanse 24.-25. januar i Bergen.

Dato og tid

Dato: 24 januar 2023 - 25 januar 2023

Tid: 10:00 - 16:00

Sted: Bergen, Hotel Norge

Bryggen, Bergen

NME (Norwegian Maritime Exporters) held sin årlege Erfaringskonferanse (ERFA) i Bergen 24.-25. januar.

Tema for konferansen denne gongen er «Verda i brann», og handlar om korleis den urolege situasjonen i verda verkar inn på den maritime næringa i Noreg.

 

Solveig Frøland vil dele nytt om Eksfin sine finansieringsløysingar, og korleis norske leverandørar kan betre konkurransekrafta si internasjonalt med Eksfin på laget.

Les meir om ERFAringskonferansen her.

Sigve Klepsvik fra vårt Stavanger-kontor, og Jannicke Bache-Wiig vil også delta.  Send oss gjerne ein epost om du ynskjer ein uforpliktande prat når vi er i Bergen.

Publisert: