Nyheter: Maritim

Finansierer det innovative havvindskipet Rem Power

Havvindfartøy

Havvindfartøyet Rem Power er ein pionér innan grøne og teknologiske løysingar og vart 21. september tildelt prisen Blue Maritime Innovation Award 2023. Det er første gong denne prisen blir delt ut. Fartøyet som er levert frå Vard Søviknes er utstyrt for å kunna utføra tenester under bygging, drift og vedlikehald av havvindparkar og representerer det fremste av teknologiske nyvinningar frå den maritime klyngja på Sunnmøre.

Rem Power er utstyrt med eit kombinert dieselelektrisk og batterihybrid framdriftssystem, og det er sett av plass for å kunne oppgradere til heilt utsleppsfrie energikjelder. Skipet er også førebudd for nullutsleppsoperasjon gjennom lading til havs. Det innovative havvindfartøyet er allereie på jobb i fornybarmarknaden for Asso Subsea, og skal vidare på ein lengre kontrakt for den tyske energigiganten RWE.

Finansiert av Eksfin og lokale banker

Rem Power tilhøyrer selskapet Rem Offshore AS og britiske Purus Wind Ltd. Eksfin har finansiert havvindfartøyet saman med Sparebanken Vest og Sparebanken Møre.

Rem Offshore AS med partnar Purus Wind Ltd er svært tilfreds med finansieringa, støtta og tilliten som er vist reiarlaget frå Eksfin, Sparebanken Møre og Sparebanken Vest, seier Nils Christian Nørvåg, Økonomisjef i Rem Offshore.

Les meir om finansiering av «grøne» skip her.

Viser krafta i den maritime klyngja

I samband med tildelinga av prisen Blue Maritime Innovation Award uttalte juryen dette om Rem Power:

«Vinnaren viser krafta i den maritime klyngja – frå reiarlag, skipsdesign, engineering, verft, leverandørar, samanstilling og ferdiggjering. Prosjektet peikar framover for ikkje berre ein aktør – men fleire, og representerer ei innovasjonsplattform for ei rekkje aktørar i den maritime klyngja på Sunnmøre. Fleire viktige, grøne og teknologiske løysingar, som mellom anna Kongsbergs Rim Drive Azimuth Thrustere og Seaonics ECMC kran er døme på produkt som blir kommersialiserte gjennom dette fartøyet. Rem Power er eit døme på korleis store fellesprosjekt løftar innovasjonskrafta til ei stor mengde bedrifter samla. Reiarlag og design har saman utvikla eit unikt fartøy, og verftet er navet som har knytt alle aktørane saman og integrert mange nye produkt og funksjonar som kvar for seg kan vera ein pris verdig».

Ferdigstilt ved Vard Søviknes

Skroget til Rem Power vart bygd ved Vard Braila i Romania og utrusta og ferdigstilt ved Vard Søviknes i Noreg. Reim Power er 85 meter langt og 19,5 meter breitt med lugarar for opptil 120 personar, Fartøyet fører norsk flagg og har Fosnavåg som registreringshamn.